Workshoppar for born (fleirdags)

900.00kr

Lær å sy på symaskin! Vi lærer deg korleis du trer og brukar symaskina og brukar grunnleggande syteknikkar. Vel gjenbrukstekstilar frå butikken, og sy ditt eige produkt som du kan ta med heim. Fleirdagsworkshoppane har ulike tema, og på desse workshoppane lagar vi oss eit prosjekt som vi jobbar med over 3 dagar. Produkta er derfor ofte litt meir avanserte enn på workshoppane som berre er ein dag. Likevel treng ein ikkje ha syerfaring frå før for å vere med. Samstundes snakkar vi om, og lærer om kvifor gjenbruk er viktig, og kva verknad klesindustrien har på miljøet.

 

Vel dato i nedtrekkmenyen for å sjå meir informasjon om kvart kurs.

Upscale har alt av utstyr som blir brukt på kursa, så du treng ikkje ta med noko som helst.

Kursa passar stort sett for born i alderen 6 til 13. Sjå på kvart kurs kva alder dei passar best til.

SKU: 2-2 Category:

Description

På syworkshoppar på Upscale lærer du grunnleggande symaskinteknikkar samt viktigheita av gjenbruk. Vi har som mål at deltakarane våre i tidleg alder skal kunne få kunnskap til å ta vare på kleda sine, samt vite nok om klesindustrien sitt miljøavtrykk til å kunne ta kloke val resten av livet.

Workshoppane er stort sett for born mellom 6 og 13 år, og alt av utstyr og materialar er inkludert i kursavgifta. Sjå på kvart kurs kva alder dei passe best til.

Additional information

Måned/alder

Måndager veker 5,6 og 7, Vinterferie veke 8, Måndager veker 11,12, og 13, Veke 9, Veke 25, Veke 26, Veke 31, Veke 32, Veke 33