
Engasjement for gjenbruk, miljø og bærekraft
Abonnement på klesbytte
Som klesabonnent på Upscale, kan du rett og slett bytte så mykje klede som du vil – for heile familien.
Uteklede, kvardagsklede, festklede, treningsklede, sko, støvlar og alt inn i mellom.
På Upscale blir gamalt til nytt! Eg har spesialisert meg på kalkposar av brukt klatretau, men du finn mykje anna spennande i butikken. Berre trykk her, så får du sjå.
Lær deg å sy!
Det har aldri vore meir aktuelt å lære seg å sy! Det er miljøvenleg, godt for lommeboka, og det er utruleg kjekt. På Upscale kan både vaksne og born vere med på workshoppar for å bli flinkare med symaskina.

På Upscalebloggen møter du meg, Eva, og du finn oppskrifter på redesign, gode miljøtips og litt forskjellig anna. Kom gjerne innom og les litt.
Kampen for gjenbruk
Å drive gjenbruksbutikk i Noreg, er ikkje så enkelt som ein skulle tru. Eit gamaldags lovverk legg mange hinder i vegen for dei som ønskjer å starte opp grøne alternativ. Eg har tatt opp kampen, og kjempar no på fleire frontar, og håpar å bidra til at brukthandelslova får ein snarleg, grøn revolusjon.