Abonnement

Miljømedviten klesmote

Tenk om du kunne ta med deg ein pose brukte klede heimanfrå, og bytte til nye på ein klesbutikk.

Det kan du med klesabonnement på Upscale

Dette systemet er genialt! Minstemann på 4 veit ikkje om nokon annan måte å handle klede enn å byte.

Abonnent

Korleis fungerer det?

Når du som abonnent leverer klede til Upscale, vurderer vi plagga ut frå kvalitet, tilstand, og estimert marknadsverdi. Ut frå våre berekningar, plasserar vi dei aktuelle plagga i priskategoriane vi meiner dei høyrer heime. Du får då høve til å ta ut eit plagg frå same kategori.

Det einaste du betaler er den månadlege summen for abonnementet, som blir trekt automatisk frå kortet ditt.

Eit døme for å illustrere:

Du leverer inn ei knappeskjorte frå Jack & Jones i god stand, ei Levi’s bukse som er brukt, men fin, og ei hardt brukt Norrøna Gore-tex-jakke med hol på albogen. Skjorta kjem i den gule kategorien (85kr), buksa i den lilla kategorien (205kr) og Gore-texjakka i den raude og billigaste kategorien (30kr). På grunn av hol og tilstand vil ikkje jakka bli selt i butikken, men vi kan kanskje bruke glidelåsar, knappar og strikk når vi reparerer andre plagg eller syr redesign. På kontoen din står det no eit plagg i kvar av kategoriane; raud, gul og lilla. Då kan du leite rundt på Upscale etter plagg med desse fargane på prislappane.