





Upscale er meir ein visjon og eit konsept enn berre ein gjenbruksbutikk.
– Målet er å gjere folk medvitne om klesforbruk, og gi dei reiskapar til å gjere noko med sitt eige forbruk.
Evangeline Sessford, eigar og drivar av Upscale

Historia om Upscale, er historia om klimaforskaren som ønska å jobbe konkret med folk sine miljøvanar.
Upscale si historie kan dragast heilt tilbake til seint på åttitalet i Canada, men så langt tilbake skal ikkje vi no. Vi hoppar elegant til ein mastergrad i geovitskap på Svalbard, der Canadiaren fekk smaken på Norge, og etterkvart kom seg til Vestlandet for ein doktorgrad i klimageologi. Ferda gjekk vidare, saman med kjærleiken til vesle Sandane, der ideen om Upscale blei realitet hausten 2019.

Når ein klimaforskar skal jobbe med folk sine miljøvanar, fins det ingen betre arena enn ein gjenbruksbutikk!
Med gjenbruksbutikken som arena er Upscale no blitt eit konsept som inkluderer opplæring i saum og redesign, eigen redesignkolleksjon, arbeids- og språkpraksis, og nye måtar å tenke gjenbruk, gjennom til dømes abonnement på klesbytte.

Opplæring i saum og redesign er eit viktig tiltak som skapar gode haldningar i høve å ta vare på kleda vi kjøper.
Upscale har endå ein misjon utover det å hjelpe folk til gode haldningar og eit meir berekraftig klesforbruk. Vi brukar mykje tid på å jobbe med rammene for gjenbruk i Noreg. Dessverre har vi i dag eit gamaldags lovverk som gjer det vanskeleg å drive kommersiell gjenbruksverksemd. For Upscale er det svært viktig å få endra brukthandelslova slik at det blir enklare for fleire å starte opp grøne og moderne gjenbruksverksemder.

Berekraft handlar ikkje berre om å kutte og å redusere. Det handlar om å snu tankesettet og la medvitne val bli ein del av kvardagen.
Evangeline Sessford