Vilkår og personvern

Vilkår for kjøp, abonnement og workshops

Generelt

Upscale er ein butikk som sel gjenbrukstekstilar, tilbyr kurs og workshoppar, samt er ein møteplass der ein kan kome for å møte nye eller gamle vener. Vi ønskjer å skape ei atmosfære der alle kjenner seg velkomne og oppfordrar alle våre gjestar i butikken og på arrangement til å bidra til dette på ein positiv og engasjerande måte.

Kjøp i butikk

Klede, tekstilar, leikar og anna som blir selt hjå Upscale er som oftast brukt, og er dermed ofte i ulik stand. Varene er så godt det lar seg gjere prisa etter kvalitet og tilstand. Vi prøver å til ei kvar tid ha klede i ulike priskategoriar, kvalitetar og stilar i butikken, noko som kan føre til at du kan finne klede som stadvis er slitne eller har hol og manglar. Dette skal vere tatt omsyn til i prisinga, men om du meiner noko er feil prisa i høve kvaliteten, ber vi deg ta det opp med oss før du kjøper/byter til deg kleda. Vi praktiserar ingen byterett på klede som er kjøpt og betalt.

Abonnement

Upscale si abonnementordning går ut på at du kan betale ein fast månadleg som gir høve til uavgrensa klesbyte med Upscale. Måten abonnmentet fungerar i praksis er følgande:

  • Abonnentane tar med klede til Upscale som dei ønskjer å gi til butikken.
  • Kleda blir kategoriserte i Upscale sine 9 priskategoriar, basert på kvalitet, tilstand og estimert marknadsverdi, og deretter lagt til på din «konto».
  • Ein kan ta med seg like mange klede frå dei ulike priskategoriane som ein har levert inn – utan å betale.
  • Ein treng ikkje å ta ut like mange klede som kvar dag som ein leverar inn. Ein kan gjere dette over tid, så lenge ein held på abonnementet, og betalar månadsavgifta.

Døme: Du tar med 5 klesplagg til Upscale. Dei blir kategorisert i følgande priskategoriar: 2stk i gul, 2 stk. i blå, og 1 i svart. Den dagen finn du deg ei skjorte i den blå kategorien, og ei bukse i den svarte kategorien som du tar med heim utan å betale. Då står det 2 gule og ein blå igjen på kontoen din, og du kan hente ut 3 klesplagg ved eit seinare høve.

NB: Upscale tar berre i mot klede i god stand, utan flekkar, hol og lukt. Kleda skal vere vaska og tørka ved innlevering.

Typar abonnement

Abonnementet fins i 3 ulike kategoriar; student, enkeltperson og familie. Som student, må du vere skuleelev til og med vidaregåande, eller fulltidsstudent med gyldig studentbevis, og du kan berre bytte inn dine eigne klede. På enkeltpersonsabonnementet kan ein òg berre byte inn eigne klede, medan på familieabonnementet kan ein heil familie som bur i same hushald byte inn klede uavhengig av kor mange personar det er snakk om.

Kjøp, handsaming og avslutning av abonnement

  • Kjøp blir gjort på http://www.upscaledesign.no, der ein må legge inn informasjon om abonnenten samt betalingsinformasjon. Informasjonen blir berre delt med betalingsportalane woocommerce og Stripe, og det er deira krav til informasjonsmengd/-type som er avgjerande for kva informasjon Upscale hentar inn. Informasjonen blir ikkje delt med andre, og blir ikkje nytta i marknadsføring.
  • Ved kjøp av abonnement godtek ein at abonnementet automatisk blir fornya etter høvesvis ein månad eller eitt år avhengig av kva intervall ein vel ved kjøpet.
  • Ved kvar terminbetaling, mottek ein eit e-postvarsel om at betalinga er gjennomført.
  • Abonnementet har inga bindingstid utover den første perioden ein betalar ved kjøp.
  • Ved kjøp av abonnement har ein høve til å lage seg ein brukarkonto på upscaledesign.no, der ein kan administrere sitt eige abonnement. Ein kan endre betalingsinformasjon, type abonnement og avslutte abonnementet i denne kontoen.

Kurs og workshoppar

Upscale arrangerar kurs og workshoppar for både born og vaksne. Vi vil at inngangsterskelen skal vere låg, og meistringskjensla stor. Workshoppane har ulike tema, og ulike vanskegrader, og er for ulike aldersgrupper. Dette vil vere skildra i teksten om kurset/workshoppen på upscaledesign.no.

Kjøp og avbestilling

  • Kjøp blir gjennomført på upscaledesign.no, der betaling blir gjennomført ved hjelp av betalingsportalane Woocommerce og Stripe, og det er deira krav til informasjonsmengd/-type som er avgjerande for kva informasjon Upscale hentar inn. Informasjonen blir ikkje delt med andre, og blir ikkje nytta i marknadsføring.
  • Avbestilling kan gjerast fram til 2 veker før kurset/workshoppen mot full refusjon.
  • Avbestilling mellom 2 og 1 veker før kurset gir 50% refusjon
  • Avbestilling seinare enn 1 veke før kurset gir ingen rett til refusjon.
  • Endring av dato/kurs: Om ein ønskjer å skifte til ein annan kursdato, må dette gjerast seinast 1 veke før kurset ein er påmeldt, og kan berre gjerast ein gong. Er det prisskilnad på kursa, må mellomlegg betalast seinast ved ankomst kurset.

Reparasjonar

  • Ved høve tar Upscale i mot klede til reparasjon.
  • Prisen for reparasjon tar utgangspunkt i ein minstepris som er betaling for 1 time arbeid. Om arbeidet tar meir tid, vil det kome til ein avtalt sum per halvtime.
  • Upscale har rett til å nekte å ta i mot klede til reparasjon om ein ikkje er sikker på om resultatet blir bra i høve tidsbruk/kostnad, om ein ikkje har kapasitet, eller på grunn av andre ting som tilseier at ein ikkje ønskjer å ta på seg oppdraget.

Redesign

Upscale produserar ulike tekstilprodukt for sal enten i eigen butikk, eller gjennom andre salsledd. Desse produkta skal ikkje kopierast for vidaresal. Om ein sjølv modifiserar produkta, misser ein retten til reklamasjon om feil eller manglar skulle kome fram etter modifisering, og kan relaterast til modifiseringa. Tydeleg uvøren bruk fører òg til tap av rett til reklamasjon.

Klager

Om ein er misfornøgd med eit produkt, må klage sendast på e-post til eva@upscaledesign.no så fort som råd. For kurs/workshops skal klage sendast inn seinast 1 veke etter kurs/workshop. Klagen vil bli handsama i høve «Lov om forbrukerkjøp» og «Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester», men som oftast ved bruk av sunn fornuft.


Personvern

I høve abonnement, og bruk av upscaledesign.no

Når du brukar upscaledesign.no, samlar vi inn og lagrar informasjon om brukaråtferd, og brukar Google Analytics. Informasjonen vi samlar inn er IP-leverandør, nettlesar, stad, kva nettside du kjem frå, tidsbruk på sida vår, og kor du navigerar på sida. Dette er relevant informasjon for oss for å forbetre opplevinga du har på sida, i tillegg til at bruken fortel oss noko om bruksmønsteret til kundane våre. Informasjon som ikkje kan knytast til deg, beheld vi og brukar til statistikk og analyser.

Om du gjennomfører kjøp på nettsida, samlar vi inn personinfoen vi treng for å gjennomføre transaksjonen. Informasjonen blir ikkje brukt til marknadsføring. Det einaste unnataket er om du har kryssa av for at du ønskjer oppdatert informasjon på e-post om tilbod og liknande.

Du har rett til å be oss om å gi utfyllande informasjon om handsaming av dine opplysningar, gi deg ein kopi av dine personopplysningar, oppdatere dine personopplysningar og til og med slette dei opplysningane vi ikkje har grunnlag for å oppbevare lenger. Du kan også trekke tilbake samtykke du tidlegare har gitt oss. 

Ta kontakt om du lurer på noko: eva@upscaledesign.no