Upscale vart vinteren 2021 gjort merksame på at vi mangla eit løyve til å drive bruktbutikk. Dette fekk vi fort på plass, men sjølve brukthandelslova som legg føringar for drift av gjenbruksbuitkkar er ganske avdanka. Derfor har vi no tatt opp kampen mot eit utdatert norsk lovverk som stikk kjeppar i hjula for mange gode, norske, grøne næringsinitiativ. Som eit bakteppe nemner vi at Upscale har 1 fulltids tilsett og ein skoleelev med ca. 15% stilling. Vi mottek mellom 20.000 og 25.000 plagg årleg.
Først ei lita innføring i rammene: Brukthandellova med tilhøyrande forskrift har som mål å «førebyggja omsetning av stolen eller ulovleg motteke gjenstandar»; noko Upscale støttar heilt og fullt. Men måten dette blir gjort på er dessverre svært lite hensiktsmessig, og inneheld alt for få tilpassinger til ulike næringar sin art.
Det som gir aller størst utfodring for oss (og truleg for andre også) er kravet om protokollføring. Alle plagg skal registrerast ved mottak med eit fysisk nummer som ein finn igjen i protokollen. I protokollen skal ein ha ei skildring/forklaring av plagget, id-nummer, antal, storleik, mengd, vekt, mottaksdato og kven som donerer. Den som donerer må også vise legitimasjon, og må dere over 18 år. Alle klede må oppbevarast i 14 dagar på lager før dei kan seljast, synst om eller kastast/gitt til Fretex
No startar ei kronologisk forteljing der du øvst oppe vil finne siste nytt, og nedst nede finn du starten av historia. Du kan sjølv velje kor du startar.
21. april 2023: Innspillsmøte om brukthandelsregelverket
Nærings- og fiskeridepartementet i Oslo

Eg var invitert til ei møte å diskutere kva former for brukthandel er det særleg behov for å regulere eller ikkje, og kva slags tiltak kan fortsette å foregbygge heleri, uten å vere altfor unødvending og byrdefulle for næringslivet. Eg var særleg imponert over alle de gode innspel og over at alle var enige om at loven er unødvendig og må skrotas. Bilder og tekst over, er originelt delt på Næringsminister, Jan Christian Vestre, sine instagram stories. Her kan du lese mitt innspill frå møtet i forhold til endringer i brukthandellsloven.
Hei, eg heiter Evangeline Sessford. Eg driv gjenbruksbutikken Upscale på Sandane, som sel brukte klede både ved vanleg sal, og gjennom abonnement på klesbytte.
Upscale har siden oppstart i 2019 utarbeida ein velfungerende forretningsmodell for gjenbruk av klede, og den ser til og med ut til å fungere på bygda. Men slik det er no, står brukthandelslova i vegen for at eg kan skalere Upscale, og etablere nye butikkar andre stadar i bygdenorge.
Dagens brukthandelslov er ei barriere, men samtidig er det den miljørelaterte lova som er nærmest fobrukaren. Dermed er lova det viktigaste verktøyet vi har for å forme det norske folk sine holdninger og miljøvaner – om vi berre får endra innhaldet slik at den legg til rette, i staden for å hindre.
I dag er gjenbruk mest for dei med ein spesiell stil eller eit spesielt miljøengasjement. Protokollføringa tvingar butikkar til å satse på nisjer, lite volum og høg pris. Derfor når man ikkje massane som brukar Lindex, Zara, Cubus osv. Og det er jo dei kjempane man skal ta opp kampen med.
Det må derfor bli strømlinjeforma å drive gjenbruk. Protokollføring og anna friksjon må vekk, om man skal ta opp kampen mot lineær-gigantane i volum-industriar som klede, fritidsutstyr, hus- og hageartiklar osv.
Og når protokollføringsplikta forsvinn, forsvinn grunnlaget for å ha ein 14-dagersregel for oppbevaring av innleverte klede.
Eg meiner det er veldig viktig at det gjennom revideringsprosessen blir utarbeida scenario der man sjekkar ut at det går an å få til drivverdige forretningsmodellar for volum-foretak i bygd og by.
Det er også viktig at lovverket som blir utforma ikkje lar seg begrense av eksisterande forretningsmodellar. Det kjem garantert noko nytt i framtida!
Så, vidare til brukthandelsløyve. For dette er ei stor barriere for oppstart av gjenbruksverksemder. Potensielt må ein betale leige av lokale i 6 månadar utan å kunne drive handel.
Her fins ei enkel løysing som gir politiet oversikt over gjenbruksverksemder, men tar bort barrierane.
I registrering av verksemder i Brønnøysundregisteret, legg ein inn ein avsjekkingsboks alle må innom. Skal ein drive næring med brukte varer eller avfallsressursar, kryssar ein for dette. Då får politiet eit fullstendig register. Endrar ein forretningsmodell slik at ein enten startar eller sluttar med det same i ei eksisterande bedrift, er ei samordna registermelding nok.
Med dagens løyveordning er til og med ein pop-up-stand på eit marked søknadspliktig, sjøl for etablerte gjenbruksverksemder. Sidan løyvet mitt er avgrensa til Upscale sine lokaler, måtte eg nylig takke nei å stille med pop-up-butikk på ein klimafestival fordi eg ikkje kan forvente hurtig nok svar på løyvesøknaden.
Ei god ny løysing kan vere eit registreringsskjema i Altinn der ein berre fyller inn kva alternative utsalgs-stader ein har på ulike datoar. Dette vil gi politiet oversikt over kor det blir solgt brukte varer til ei kvar tid, og vil opne opp for omreisande forretningskonsept.
Oppsummert: Protokollføring må bort, løyveordning må endrast til registrering.
14. februar 2023: Instilling til Stortinget frå Næringskomiteen
Det verkar som dei fleste politikarar, uavhengig politisk tilhøyrsle, er einige i at noko må gjerast med brukthandelslova. Men – regjeringa ønskjer å få all «cred» sjølv, og støttar dermed ikkje forslaget frå opposisjonen. Dei viser til at dei har sett av midlar i statsbudsjettet til revisjonen av lova, men verken regjeringspartia sine representantar i næringskomiteen eller næringsministeren klarer å seie noko om kor tid dei vil ha høve til å prioritere arbeidet.
Det er litt trasig at så mange timar og resursser blir brukt til utgreiing og handsaming, men så endar det med at regjeringa seier; «Fint det, vi startar på nytt, og gjer alt om igjen sjølve.» Sløsing og trenering som går på bekostning av gode og grøne initiativ.
Ut frå instillinga frå næringskomiteen ser det no ut som at det ikkje vil bli fleirtal i Stortinget den 21.02 for å revidere lova. Vi får krysse fingrane for at regjeringa for første gong klarer å vise handlekraft og godt arbeid, slik at arbeidet deira kjem i gong, blir gjort effektivt og endar med ei ny og god lov. Førebels kan vi ikkje gjere meir enn å vente. Her kan du lese innstillinga til næringskomiteen.
11. januar 2023: Eva held innlegg på Stortinget i høyringa av forslaget om å revidere brukthandelslova.

Saman med representantar frå Framtiden i Våre Hender, Hovedorganisasjonen Virke, NHO Service og Handel og Norges Naturvernforbumd kom Upscale med innspel i høyringa av forslaget om å revidere brukthandelslova. Upscale deltok på høyringa på vegne av fleire andre små gjenbruksbutikkar over heile Norge. Sjå og høyr høyringa her.
I tillegg til sjølve høyringa, brukte Eva høvet til å møte og diskutere brukthandelslovverket med fleire politkarar frå ulike parti. Eva gav dei nye perspektiv i høve korleis det er å drive sirkulær økonomi i praksis.
19. desember 2022: Høyringsinnspel sendt inn til stortinget
Upscale søker å vere representant for 11 små gjenbruksbutikkar frå heile Norge på høyringa i saka om «Representantforslag om revidering av brukthandellova for å sikre god sirkulærøkonomi», (les meir om dette tidlegare i tidslinja). Det skriftlege høyringsinspelet vi sendte sendte inn til Stortinget, kan du lese her.
20. november 2022: Næringsminister sier «Brukthandelsloven skrotes, for frivillige virksomheter»

Næringsminister Jan Christian Vestre kommer med en julepresang Virke har ventet på: Brukthandelsloven skrotes. Men i første omgang bare for frivillige virksomheter som driver med bruktsalg.
Dette er en fin julepresang til frivillige virksomheter som driver med bruktsalg. Brukthandelsloven har vært et stort problem for butikker som driver med bruktsalg. Loven krever bl.a. registrering av alle varer, minst 14 dager oppbevaring før varen kan selges og løyve for alle ansatte i butikkene som driver med bruktsalg. Loven er ment å motvirke heleri, men har aldri vært tilpasset butikker som driver bruktsalg, ikke minst de frivillige.
Brukthandelloven er imidlertid ikke bare et problem for frivillige virksomheter, men for alle butikker som vil drive med bruktsalg. Det er krevende å forholde seg til fordyrende regler oppbevaringstid og registrering, og løyvebehandling hos det lokale politikontoret er en tidkrevende prosess. Loven er et hinder mot utviklingen av mer sirkulær økonomi og bør derfor skrotes. Dette burde ha skjedd allerede nå i høst, men vi er glad for at næringsministeren sier det vil skje om kort tid.
Teksten kopiert frå Virke sine nettside. Bilde frå NRK artikkel som kan leses her.
29. oktober 2022: Upscale inviterer saksordforer for revisjonskomitéen til møte.

Den 28. oktober sender eg ut e-post til fleire små gjenbruksbutikkar med spørsmål om dei ønskjer å vere med på å invitere Alfred Bjørlo (V), leiaren av komiteen som skal handsame brukthandellova på Stortinget, til eit møte der stortingsrepresentanten kan få høyre korleis brukthandelslova i dag lagar utfordringar for små gjenbruksbutikkar, og der han kan få spørje om det han lurer på.
Tilfeldigvis møter eg Bjørlo på ei lansering av eit nytt klesmerke, one NODE, i Selje i Nordfjord dagen etterpå, og får invitert han in person. Han aksepterer invitasjonen, synest det er ein god idé. Vi avtalar å snakkast nærare om tidspunkt ved eit seinare høve.
4. oktober, 2022: Representantforslag på Stortinget

Liv Kari Eskeland (Høgre) leverer inn representantforslag på Stortinget der ho foreslår at Brukthandelslova bør takast opp til revisjon. Næringskomiteen på Stortinget skal handsame saka tidleg i 2023, og Alfred Bjørlo (V) er skal vere saksordfører. Sjå representantforslaget her.
21 mars, 2022: Bergans er på bana, og i media!

Sitat frå nrk.no: «Flere butikker ønsker å tilby brukte varer, men Bergans mener myndighetene gjør det vanskelig når det er politiet som avgjør om de får selge en brukt genser.»
Bergans har vore gjennom om lag same prosess som Upscale. Oppstart utan løyve, nedstenging medan løyve blir godkjent, samarbeid med Virke, gjenopning av butikk, kamp mot lovverk osv. Skilnaden på Bergans og Upscale er at dei fekk unnatak frå protokollføringsplikta. Vi synest det er superbra at dei har fått dette, men stiller no endå større spørsmålsteikn rundt politiet si handtering av vår sak.
Les NRK-saka om Bergans her, og Bergans si eiga pressemelding her. Der kan du lese deira side av saka, og deira opplevingar med brukhandelsregelverket.
24.feb 2022: e-post frå statssekretær i nærings- og fiskeridepartementet
Hei Evangeline
Det som vurderes nå, som kan være en ubyråkratisk bra løsning nå i første omgang, er å gå i dialog med Politiet. Det var de som hadde flest innsigelser som gjorde at endringene strandet – etter hva jeg har forstått.
Formålet med dialogen er at vi ønsker en ny vurdering om hvorvidt det kan tillates at for eksempel brukhandelsbutikker for salg av klær likestilles med aktører som Kirkens Bymisjon og Fretex, og da følgelig kan få et unntak.
Mitt svar:
Hei, og takk for oppdateringa.
Dette er gode nyheiter. Dialog er viktig! Det eg også anbefalar dykk å ta med i dialogen med politiet er at brukthandelsløyve som standard blir gitt til heile foretaket – ikkje til ein einskild løyveinnehavar. Og endå viktigare, §8 i brukthandelsforskrifta er utdatert i høve nye forretningskonsept og modellar. Dette legg avgrensingar for at brukthandelsbutikkar ikkje kan vere til stades på torgdagar, selje på messer/eventar, ha eit reisande konsept, samt teoretisk sett å ha heimekontor når ein driv nettbutikk. I og med at politiet ikkje kom og sjekka vårt lokale då vi fekk vårt løyve, trur eg ikkje politiet bryr seg særleg om denne paragrafen heller.
Mvh.
Evangeline Sessford
17. jan 2022. Møte med statssekretær og stortingsrepresentantar.
Endeleg noko positivt! Frå statssekretæren blir det formidla at det skal vere ei grei sak å få endra brukthandelslova, eller potensielt oppheve heile lova.
No gjenstår det å sjå kor fort dette kan gå.
30. november 2021: Avslag på klage frå politidirektoratet.
Politidirektoratet støttar Politi Vest si avgjersle om at Upscale AS ikkje bør få fritak frå protokollføringsplikt med bakgrunn i at dei synes Politi Vest har tolka dagens lovverk korrekt.
Dette understrekar endå ein gong kor viktig det er å få gjort noko med brukthandelslova med ein gong.
17. september 2021: nettverksbygging på nytt
13. september var det val, og det er nye folk på i departementa. Eg må skaffe meg nye kontakter! Eg startar med å ta kontakt med nærings- og fiskeridepartementet, og inviterer til oppdateringsmøte og vidare diskusjon om å endre brukthandelslova. Invitasjonen blir godteke.
20. juli 2021: NFD vil ta brukthandelslova opp til revidering
Upscale mottar brev frå Nærings- og fiskeridepartementet. Dei takkar for innspel, og seier dei vil truleg kunne starte med revideringa av brukthandelslova i haust
27. mai 2021: Behandling av klagesaka – forventa svar innan 6 månadar
Politi Vest sender klaga vidare til Politidirektoratet
Upscale mottar e-post frå Politi Vest om at dei har sendt klaga vidare til Politidirektoratet. Klaga sender dei i lag med si eiga tilråding om å ikkje omgjere vedtaket. Er det ikkje litt rart at Politi Vest får presentere klagen som omfattar deira eiga handsaming, og gå inn og kommentere kvart punkt i klagen?
Det er litt som om veslebror er misfornøgd med korleis han blir behandla av storebror, så han klagar til storebror. Storebror meiner han ikkje har gjort noko gale, og bryr seg ikkje om veslebror si klage. Men han gir veslebror høve til å klage til mamma mot at det er storebror som legg fram klaga, får kommentere klaga, og får tilrå korleis mamma skal reagere. Høyrest dette ut som rettferd?
15. mai 2021: Bergen Tidende
Jens Kihl Skriv i BT og refererer blant anna til Upscale: «I dag er gjenbruk og reparasjon ei privatsak, der entusiastar prøver å etablere ulike ordningar som skal lappe på problemet. Men skal vi få fart på sakene, må vi politisere problemet. Staten må gjere reparasjon til den enklaste løysinga.»

6. mai 2021; Upscale påklagar avslag på søknad
Påklage på avslag på søknad om dispensasjon fra forskriften §10 og §11 om handel med brukte og kasserte ting er sendt til politidirektoratet. Vi startar klaga vår slik:
Upscale klagar ved dette på avslaget fordi politiet har gjort feil regelbruk (rettsanvendelse) på grunn av brot på dei ulovfesta prinsipp om misbruk av mynde, og utøver alle tre hovudkategoriar innanfor misbruk av mynde;
- Utanforliggande omsyn i sakshandsaminga
- Usakleg forskjellshandsaming
- Vilkårlege eller urimelege avgjersler
Vi ønskjer at saka blir vurdert på nytt.
3. mai 2021: NRK rapporterer om gjenbruk
Lysta til å handle bærekraftig og miljøvenleg veks også på småstadar. Les NRK-saka her

29. april 2021 Næringsministeren svarar KrF om gjenbruk
Skriftleg svar frå Iselin Nybø på spørsmål frå KrF-representant Tore Storehaug:
Iselin Nybø: I 2019 gjennomførte regjeringa ei høyring, kor det ble foreslått å oppheve brukthandellova. Bakgrunnen for forslaget var at regelverket i stor grad tar utgangspunkt i at brukthandelverksemd foregår i fysiske butikker, og i liten grad tar hensyn til den digitale utviklingen i brukthandelmarkedet som har skjedd de seinere åra.
Departementet har mottatt mange høyringssvar. Nokre er positive til forslaget mens andre har vektige argumenter mot oppheving av lova. Høyringsinnspela peiker blant annet på utfordringar for områder som bruktbil og verdifulle kunst- og kulturgjenstander.
Det videre arbeidet med å forenkle og forbetre regelverket etter høyringa stoppet opp i 2020 fordi departementet måtte omprioritere ressursar til arbeidet med kompensasjons- og støtteordningar for å hjelpe næringslivet gjennom Covid19-pandemien. Arbeidet vil starte opp igjen når det er mogleg. Innspel som de vi har mottatt frå bedrifter som Upscale vil ta bli tatt med i vurderingane av kva for endringar vi bør foreslå i regelverket for brukthandelverksemd.
25. april 2021: Vi testar ut ein heil dag med protokollføring
I løpet av tre veker har vi fått inn 1100 plagg frå kundar med klesabonnement. Vanlegvis får vi dobbelt så mykje, men vi har sagt nei til donasjonar frå ikkje-abonnentar denne perioden.
Her kjem nokre talfakta om teljinga:
- 8 timar arbeid. Protokolført 392 plagg.
- sorteringstid: 400 plagg på 8 timar = 50 plagg/time
- innlevert: 1100 plagg på tre veker = 367 plagg i veka
- sortering per veke: 367 plagg/50 i timen = 7,34 timar i veka
Tar vi inn vanlege donasjonar i tillegg, kan vi doble mengden i utrekningane – og doble tidsbruken. Altså 2 fulle arbeidsdagar i veka til protokollføring. Dette var bulkregistrering etter stengetid. Etter lova skal registreringa skje ved innlevering; noko som vil auke tidsbruken betrakteleg.
Etter dette kjem sortering, lagring, vasking, damping, prising og uthenging i butikken.
Og som eit lite ekstra: Berre 43% av dei protokollførte kleda kom gjennom grovsortering til å kome på lager. 57% blei sendt direkte vidare til gjenvinning/gjenbruk hos andre butikkar.

23. april 2021: Medlemsskap i Virke
No er Upscale medlem av Virke, og har fått god oppfølging av juristar i høve korleis ein påklagar avslaget
22. april 2021: Min Mote: Vil endre loven – så å si umulig å drive en bruktbutikk.
«Eiere av vintagebutikker mener at et tungrodd system setter kjepper i hjulene for et grønt skifte i klesbransjen.»
«Fretex mottar det de selger som donasjoner eller gaver. Derfor har de søkt om fritak protokollføring og fått dette godkjent av politiet, forklarer Kristin Hareide i Fretex.
De må derimot protokollføre alle varer som selges gjennom
kommisjonssalg, altså varer Fretex selger i deres navn, men for noen andre.»
Eva sine tankar: Hmmm… Fretex har ikkje fått dispensasjon frå §10 fordi dei er ein veldedig organisasjon, men fordi dei mottar donasjonar.
21. april 2021 Avslag på søknad om dispensasjon fra forskriftens §10 og §11
Vår søknad om dispensasjon fikk avslag. Grunngjeving er:
«Selv om Upscale mottar de fleste varene gratis gir det ingen garanti for at en ikke mottar stjålne varer.»
Vidare viser dei til at Upscale ikkje er ein veldidig organisasjon som Fretex og må derfor føre protokoll i samsvar med §10 og §11.
Mine umiddelbare tankar: Er det ikkje like enkelt å hive noko i ein Fretexkontainer om ein skal kvitte seg med stolne varer? Dei er jo overalt!
Vi skal sjølvsagt sende klage, og denne gongen går klaga rett til politidirektoratet.
20. april 2021 Reparotasje på Framtida.no
Framtida.no postar reportasje om Upscale og formidlar problemet med 18-årsgrense på innlevering av klede, samt protokollføringsproblematikken.

20. april 2021: Stortinget: Mdg sitt forslag blir førebels nedstemt.
Mdg sitt forslag i Stortinget blir nedstemt. Arbeiderpartiet viser null innsikt i moderne brukthandel og argumenterer med at protokoll er viktig. Høgre viser til at saka krev grundig handsaming, men er positive.
19. april 2021: Møte med statssekretær og stortingsrepresentantar
Eva presenterer Upscale og utfordringar med brukthandellova i høve moderne sirkulærøkonomi for stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland og Margunn Ebbesen frå Høgre, og statssekretær, Lucie-Katrine Sunde Eidem.

16. april 2021: NRK plukkar opp saka
NRK publiserar saka etter besøk på Upscale 13.04. Reportasje laga til:
- TV
- nettside
- sosiale media.
- radio

15. april 2021: Krf viser interesse
Med bakgrunn i Upscale si problemstilling rettar Stortingsrepresentant Tore Storehaug (Krf) skriftleg spørsmål til klima- og miljøministeren om statsråden vil gjere endringar i brukthandellova.
13. april 2021: Stortinget: Sirkulærøkonomi og brukthandel
Mdg sin stortingsrepresentantar, Per Espen Stoknes, fremjar som følgje av Marius Dalin sitt besøk på Upscale forslag i stortinget om å endre brukthandellova slik at det ikkje lenger er plikt til protokollføring, og at personar under 18 år kan gi donasjonar. Debatten er i gong om sikulærøkonomi i Noreg si framtid!

12. april 2021: Virke skriv til Nærings- og fiskeridepartementet
Hovudorganisasjonen Virke sender på vegne av Upscale og mange andre små brukthandelsverksemder skriv til Nærings- og fiskeridepartementet. Det blir spurt om handsaminga av høyringsrunda frå 2019 rundt endring av brukthandellova. Det blir påpeika viktigheita av å fullføre prosessen og gjere rammene enklare for sirkulærøkonomi
10. april 2021: Mdg ensgasjerer seg i saka.
Marius Dalin, stortingskandidat for MDG Sogn og Fjordane inviterer seg sjølv, Mariél Eikeset Koren (MDG) og media til Upscale for å lage reportasje, og for å høyre om saka vår.
To saker blir publisert i Firda Tidend 13. april.

6. april 2021: Ein hektisk dag. Re-opning, virke og klageinnsending
Upscale opnar dørene igjen etter om lag 3 veker stengt, men tar berre mot donasjonar frå klesabonnentar. Det vil seie at om lag halvparten av donasjonane blir takka nei til, og går i staden til Fretex.
Hovudorganisasjonen Virke kontaktar Upscale og forhøyrer seg om saka, og ønsker bakgrunnsinformasjon.
Upscale sender inn klage på vedtaket om avslag på dispensasjon frå §10 og §11. Nøkkelargumentet er at deira argument med at unnatak er meint for veldedige organisasjonar er tolka feil. Vi meiner Næringsdepartementet i skrivet frå 2005 oppfordrar politiet å gi unnatak frå protokollføring til Fretex og liknande organisasjonar på grunn av handelen deira sin art – altså same type handel som Upscale – ikkje på grunn av at dei er ein veldedig organisasjon. Vårt andre argument er at Nærings- og fiskeridepartementet foreslo å fjerne heile Brukthandellova både i 2005 og 2019. Saka frå 2019 er ikkje ferdig handsama. Upscale får hurtig svar frå Vest Politidistrikt at dei har sett juristane sine til å sjå på saka, og at saka vil bli behandla 16.04
3. april: Vi tar opp kampen! (ved hjelp av sosiale media)
Upscale med filmkampanje i sosiale media for å vise kor håplaust kravet om protokollføring er. Kampanjen når og 30.000 personar, og haustar stort engasjement og støtte over heile landet.
25. mars: Innvilga løyve – men ikkje unnatak frå §10 og §11
Dagen etter vi purrar på Vest politidistrik får vi e-post tilbake med innvilga løyve, men ikkje unnatak frå §10 og §11. Argumenta er at unnantaka er meint for industriell destruksjon og gjenvinning, og at det også kan gjevast unnatak for veldedige organisasjonar. Det blir vist til eit skriv frå nærings- og handelsdepartementet frå 2005. Dette skrivet viser seg å vere eit høyringsutkast som vi får tilsendt nokre dagar seinare. Måten e-posten frå politiet er skriven der dei bagatelliserar protokollføringa, viser dessverre særs dårleg innsikt i brukthandelsbransjen, og at dei ikkje forstår omfanget av donasjonar i det heile.
13. mars 2021: Pressemelding i lokalavisene – Upscale stengjer
I ein periode framover vil Upscale dessverre stenge dørene for sal av brukte klede og tekstilar. Før Upscale opna dørene oktober 2019 gjorde vi eit grundig arbeid med lover og reglar, men vi har no blitt gjort merksame på éin søknad som vi ikkje har sendt inn. Denne er no sendt, og medan vi ventar på svar, vel vi å stengje for sal og bytte av klede.
Søknaden som har mangla har sin bakgrunn i Lov om brukthandel. Det er ei litt eldre lov som først og fremst er mynta på sal av antikvitetar, kunst og truleg bruktbilar, med tanke på å hindre svindel, heleri og økonomisk kriminalitet.
Sidan lova blei vedteken i 1999 har det skjedd enormt mykje med folk flest sitt forbruksmønster, handlevanar og ulike typar handel innan sirkulærøkonomien. I dag set omfanget av dokumentasjon som dette lovverket krev, ein effektiv stoppar for mange gode, grøne brukthandelprosjekt. Det tek motet frå miljømedvitne og nytenkjande gründerar over heile landet.
Det er svært viktig at slike unødvendige hinder blir fjerna, og at vegen i staden blir planert for at grøn innovasjon kan blomstre i åra som kjem. I Upscale vil vi derfor i tida framover ikkje berre jobbe for at vi sjølve skal kunne få det naudsynte løyvet til å drive, men vi vil ta opp kampen mot overbyråkratiseringa som lova legg opp til. Vi ønskjer at folk med høve og motivasjon til å skape eit miljøvenleg alternativ skal lukkast med å starte opp slik verksemd.
Vi set pris på all støtte vi har fått både i oppstartsfasen og gjennom korona. Vi ber om vidare støtte og forståing for arbeidet vi gjer for eit grønt skifte.
På snarleg gjensyn!
12. mars 2021: Søknad. Vi søkjer løyve til å drive gjenbruksbutikk.
Upscale AS sender inn søknad om brukthandelløyve til Vest Politidistrik, der det blir gjort rede for at vi har drive butikken utan løyve, men at vi sendte inn søknad så fort vi fekk høyre om bruktlova og kravet om løyve. Det blir samstundes søkt om unnatak frå krav om protokollføring (§10), og frå plikt til å oppbevare kleda i 14 dagar før sal (§11). Politiet har i høve forskrifta høve til å gjere slike unnatak.
Samstundes stenger Upscale dørene for mottak og sal av brukte klede, og vi kontaktar stortingspolitikarar i Høgre og MDG og legg fram saka for dei.
2005: Høyringsutkast til Nærings- og handelsdepartementet
Høring – Utkast til endring i forskrift om handel med brukte og kasserte ting.
Brukt seinare som argument frå Politiet for å gi avslag på søknaden om å få dispensasjon frå §10 og §11 i Brukthandelforskrifta.
1999: Brukthandellova er på plass.
Lova som populært blir kalla brukthandelslova er datert 22. desember 1999.