Slow Giving – Meaningful gift giving

(English version below!)


“SPUG SPUG SPUG SPUG!”, vart messa i New York sine gater, jula 1912. Tusenvis av kvinner messa og song for ei endring av dåtida sine gåvetradisjonar. Ei forventing hadde forma seg om at arbeidarklassa skulle gje gåver til arbeidsleiarane som ei investering i betre arbeidsvilkår for det komande året. Som ein protest mot denne vulgære gjevartradisjonen, der gåver var om lag sidestilt med bestikkingar, kom eit stort tal kvinner saman og etablerte SPUG – the Society for the Prevention of Useless Giving (eller Felleskapet mot vekkasta gåvegjeveri). 

Røyrsla var dedikert til å stoppe utbreiinga av meiningslause gåver; med andre ord hindre at ein brukte mykje ressursar på lite nyttige ting – noko som òg hadde negativ verknad på folk si kjøpekraft og levestandard. SPUG ville tilbake til ein gåvetradisjon som var “sakte”, medviten, omtenksom og personleg. I dei påfølgande åra endra ein akronymet til “the Society for the Promotion of Useful Gifts”, og prøvde gjennom det ei meir positiv og konstruktiv tilnærming til problemet.

No, 110 år seinare, blir vi kanskje ikkje pressa på same måte av leiarane våre til å kjøpe gåver i byte for meir fritid, men det store innhogget julehøgtida har i privatøkonomien er framleis det same. Mange av oss maksar ut kredittkorta for å halde tritt med forventingar og ønskje om status. 

Men det er ikkje berre våre eigne ressursar vi mislegheld. Jorda har òg eit avgrensa ressursgrunnlag. Menneska sitt overforbruk er til stades gjennom heile året, men det toppar seg i tida før jul. For at vi raskast mogleg skal få krysse av på den lange lista av gåver som skal kjøpast, forsvinn medvitet, og forbruket aukar. Dette stimulerer òg fabrikkar til å spy ut enorme mengder lite nyttige gjenstandar der kvaliteten er lav, og CO2-avtrykket tilsvarande høgt.

I siste liten

Ofte er adventstida så full av aktivitetar og plikter at vi har ein tendens til å utsetje innkjøp av gåver til siste liten. Tidspresset gjer då at vi brukar meir pengar og mindre medvit på gåvene. Butikkane veit sjølvsagt om dette, og forsterkar effekten gjennom kampanjar som lurer oss til å bruke pengar på ting vi ikkje treng. Handlar vi på nettet, blir vi lova gratis frakt, men du kan vere sikker på at vi har dekka kostnaden på eit vis likevel. Ingenting er gratis!

Berre tanken på forventningane som skal innfriast, stresset, utgiftene og den negative effekten på miljø og klima, gjer at eg får lyst å droppe heile jula! Men så tenker eg på kor priviligert eg er som bur her på Sandane. Her er massevis av små bedrifter som tilbyr lokalt tilverka mat og drikke, handverkarar som produserer strikka og sydde klede, trearbeid, smykker og pyntegjenstandar, og kunstanarar som nyttar alt frå ull til maling og alt inn i mellom. Det fins tilbod om aktivitetar, hytter til overnatting og besøk i ulike smaksunivers. Opplevingane står i kø! Nei, eg ønskjer ikkje å la jula gå stille forbi. I staden ønskjer eg å tenne opp att fakkelen frå tidleg på 1900-talet. Eg ønskjer å oppfordre til medviten, gjennomtenkt, omtenksom, personleg og “sakte” gåvegjeving. Slow giving.

“Slow giving” er eit uttrykk som eg kom over ganske nyleg. Men det traff meg momentant! Eg vaks opp i Canada, i ein stor familie med låg inntekt. Som vaksen kom eg til Noreg og har studert klimaet både frå eit naturperspektiv og frå eit samfunnsperspektiv. Då eg flytta med familien til Sandane, bestemte eg meg for å ta arbeidet gi arbeidet mitt ein folkeleg karakter. Etter ein betydeleg innsats saman med både vener og familie, fekk eg opna Upscale. No prøver eg å leve etter ideala og verdiane i slow fashion og slow giving.

Inspirert av SPUG sitt slagord “the group can accomplish what the individual cannot” kom eg til å tenke: Hei, kvifor ikkje dele nokre av mine tankar og tips til slow giving, i tilfelle andre ønskjer å prøve det same? Kreativitet er det einaste som kan avgrense moglegheitene i slow giving, så eg håpar du gir det eit sjanse, og at du deler dine eigne idear med meg.

References: Info om SPUG – Collins, P. 2012. «The Original War on Christmas», SLATE.

Mine Tips

1. Gåver med intensjon

Spør folk kva dei ønsker seg. Det er greitt å vere beint fram og rett på sak. Spør om dei synest det er greit med gjenbruksgåver. Spør om dei likar å få opplevingar. Kanskje vil dei ikkje ha gåver i det heile. Respekter det. 

Mange kjenner på at dei allereie har for mykje, så ikkje kjøp meir unyttig til dei som allereie har alt. Om du likevel vil gi dei noko, gi ei oppleving eller litt av tida di i staden. Har dei yttra at dei t.d. ønskjer å kome i betre form, kan eit årskort på parkeringa på Utvikfjellet, Kleivane eller i Trivselsskogen vere tingen.

2. Lokalprodusert

Nordfjord har så utruleg mange dyktige og hardtarbeidane drivarar av små foretak med deilige og flotte og ofte smakfulle produkt. Å støtte ei lokal bedrift samstundes som du sprer ordet om dei, hjelper ikkje dei berre å vekse, men viser samstundes utanforståande kor mykje som fins i Nordfjord – så kvifor ikkje kom og besøk oss?

Og hugs – gåver treng ikkje vere fysiske. Dei kan vere opplevingar òg: ei overnatting i ei lokal hytte, eit kurs for å lære noko nytt, bilettar til ei lokal framsyning, guida turar, sykkelleige eller smaksopplevingar. Nordfjord har så mykje å tilby! Frakt er ein klimaversting uansett om den er gratis eller ikkje, så om du kjøper lokalproduserte produkt og opplevingar, vil dette som regel vere bra for klimaet òg.

3. Gi tid

Ei gåve treng ikkje ein gong koste pengar. Den kan i staden koste tid. Elskar foreldra dine fotturar i fjellet, men dette er ikkje heilt i di gate lenger? Kanskje du kan planlegge og arrangere ein tur du veit dei ønskjer å gjennomføre. Du legg til rette og blir med utan å klage og syte. Eller kanskje ungane har eit favorittspel du aldri har vist interesse for, eller forstått kva det går ut på. Skriv eit kort der du lovar at det komande året skal du lære å forstå kvifor dei elskar dette spelet, og at du skal setje av tid til å vere med når dei spelar, og gjerne spele saman med dei. Kanskje blir det gaming challenge neste jul?

4. Gjenbruk og heimelaga

Berre fordi noko er brukt av nokon andre, betyr det ikkje at det er boss. Eg meiner, tvert i mot, at det som andre har likt og tatt vare på har auka i verdi. Kva historier gøymer gåvene på? 

Gjenbruk kan bli kjøpt i butikkar og på nett, men det kan óg vere noko du sjølv har heime. Skattar nedarva gjennom generasjonar, eit smykke som vesleguten alltid har beundra, serviset du ikkje brukar, men dottera treng når ho skal starte opp studier, eller gensaren som venen din alltid har likt. Når du gir bort noko du har brydd deg om, viser det personen du gir det til at du bryr deg om dei òg. Om du har høve og tid til å lage gåver sjølv er dette ein ekstra bonus.

5. Gi i sirkel

Har du opplevd å måtte kutte av dei nederste greinene på juletreet fordi det er så mange gåver at du må stable i høgda? Når alle gir gåver til alle, blir det mange gåver, og eit stort forbruk. Er det nok at alle får ei eller to gåver, og at ein byter på kven som gir til kven? I familien og vennegjengen er det lett å lage slike avtaler. Er ein samla i jula, kan ein til og med lage ein leik av det. Ein kan lage tema for gåvene eller ei øvre prisgrense. Så “kjempar” ein om pakkane gjennom ein heimelaga leik utan å vite kva som er inni. Var den største pakken den beste?

6. Start tidleg

Det tar tid å finne den perfekte gåva. Skal du kjøpe lokalprodusert, treng ofte dei lokale handverkarane tid på seg. Vi produserer små parti for å unngå overproduksjon. Skal du lage noko sjølv, tar dette også tid (ofte meir enn du først tenker). Om du startar tidleg, har du også tid til å lage ditt eige innpakkingspapir, eller kanskje sy ein julegåvepose. Julegåveposen i så fall ei gåve i seg sjølv, og kan bli brukt på ny neste år. 

Det tar tid å gjere ting ordentleg. Og tross alt, det er jo heile tanken med slow giving!

Ei lita oppsummering

Alle kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere noko. Ønskjer du å prøve ut slow giving, prøv ut litt om gongen. Bli van med ideen, og det vil gradvis bli lettare. Eg har sjølv framleis utfordringar med å starte tidleg nok, så gjennom året skriv eg notatar på telefonen kvar gong nokon nemner kva dei ønskjer seg. Då har eg i alle fall skaffa eit datagrunnlag.

Ønskjer vi å promotere gjennomtenkte og personlege gåver, må vi tenke gjennom kven gåva er til. Og ofte vil omtanke, tid og innsats bety meir for mottakaren enn masseproduserte butikkprodukt – uavhengig av kva verdi prislappen påstår gåva har. Ha dette i bakhovudet når du vel deg ut kva aspekt av slow giving du ønskjer å prøve ut i år.


English Version


“SPUG SPUG SPUG SPUG!”, is a chant you might have heard calling out on the streets of New York, during the Christmas season of 1912. Thousands of women were calling for a shift in the Christmas gift giving traditions of the time. Gift giving had become a form of bribery and it was expected for workers to use multiple weeks wages on Christmas gifts for shift bosses – who didn’t need the gifts or the money – in the hopes of getting better working conditions the following year. In protest of the vulgar habit of giving, where gifts are but a kind of bribe, a number of women created SPUG – the Society for the Prevention of Useless Giving. The movement was dedicated to stopping foolish gift giving; in other words stop using resources on useless things that will only worsen your living standard. They wanted to return to gift giving traditions that were slow, conscientious, considerate, thoughtful and personal and away from the bribery it had come to be. In the following years, the meaning of the acronym was changed to stand for “the Society for the Promotion of Useful Gifts.”Now, 110 years later we are perhaps not badgered in the same manner by our management to supply Christmas gifts in exchange for time off, but the financial drain of the holiday season remains all too familiar.

Many of us max out credit cards in order to maintain or gain status and likability. However, it’s not just our personal savings that we are depleting, it’s also the Earth’s limited resources. Over consumption throughout the year, but incrementally more in the Christmas holiday season has factories spewing out useless items for us to shop in order to check off our lengthy lists of gift recipients. Often the Christmas season is so packed full of activities, and obligations that we tend to leave our gift finding until the last minute, often initiating impulse purchases that we don’t really even want to give as gifts. Black Friday Sales press us to buy things we and our gift recipients don’t need, and promises of free shipping that really isn’t free, lure us into online shopping. Just thinking about the expectations and the hassle, the expense to my bank account and the expense on our planet make me want to skip the festivities this year. 

But then, I think about how privileged I am to live in Sandane where there are so many small businesses that offer locally produced food and drink, craftsman and women who produce knitwear and clothing, woodwork and jewellery, artists using wool and paint and everything in between, experiences we can be a part of, cabins we can overnight in, trails we can hike and, I don’t give up hope. I don’t want to skip the festivities, instead, I want to relight that torch from the early 1900’s. I want to encourage conscientious, considerate, thoughtful, personal and slow gifting. Slow giving. 

Slow giving is a phrase I’ve only recently come across, but it immediately hit home for me. I grew up in Canada in a large family with little income, and made my way to Norway as an adult to study climate both as a natural and a social science. When I moved to Sandane with my family, I decided to put all my efforts into opening Upscale and try my best to live by my values of slow giving. But, as the slogan of SPUG reminds me, “the group can accomplish what the individual cannot” and this year I thought “hey, why not share some of my methods for slow giving in case others want to try it too?” The possibilities for slow giving are endless and I hope that you can share your good ideas with me as well.

References: Info om SPUG – Collins, P. 2012. «The Original War on Christmas», SLATE.


My Tips

  1. Gifts with intention. 

Ask the recipient what they want. It’s ok to be straightforward. Ask if they are ok with secondhand gifts. Ask if they are ok with experiences. Maybe they don’t want any gifts, respect that. A lot of people feel like they have all the products they need, don’t get them something that will be useless. If you really want to give something, give them an experience or your time instead. Sometimes asking these questions feels awkward, but if it does feel awkward, a gift won’t help that relationship anyway. 

  1. Shop local

Nordfjord has so many amazing and hardworking small business owners with delicious and beautiful products. Supporting a small local business and sharing the word about them helps not only them to grow, but shows outsiders that everything they are missing is in Nordfjord, so why not come visit? A gift doesn’t have to come in a physical form. It can be an experience; overnighting at a local cabin, courses for learning a new skill, tickets to local performances, guided trips, bike rentals, food/drink tasting. Nordfjord has so much to offer. And, in addition you don’t need that extra shipping from buying online. Because, even if it says free, it’s not.

  1. Give time

A gift doesn’t even have to cost money, maybe instead it costs time. Do your parents love hiking trips and constantly ask you to join but you’re totally not into that anymore? Maybe this year, you can plan and arrange some trips that you know they want to do and you initiate it, whining and complain-free. Or maybe your kid absolutely loves playing video games and you have never been interested. Write a card promising to sit and play with them, learn the game they love over the next year. Maybe you can have a battle next Christmas? 

  1. Secondhand/homemade

Just because something is used by someone else, doesn’t mean it’s garbage. In fact, in my mind if something has been loved and cared for by someone else, it gives even more value to that item. What stories are hidden behind your gifts? Secondhand can be purchased at a shop, or online, but it can also be items you already have in your own home. Treasures passed down through generations, a piece of jewellery your child has always admired, that kitchen set you don’t use but your child needs when s/he sets off for university, a sweater your friend has always liked. When you give away things that you care for, it shows that person that you also care for them. If you have the ability or privilege to make your gifts that is an added bonus. If you plan on having a christmas party, maybe have a gift exchange where you bring used items from your home that you exchange rather than new items?

  1. Start early

It takes time to find a gift that is just perfect for someone. Local makers often need extra time if you are going to order something. We tend to make small batches of products to avoid waste. If you plan on making your gift, that also takes time and local shops carrying materials might go out of stock. Make your own wrapping paper to avoid waste. Or, make reusable gift bags out of cloth, then the bag itself is also a gift. It takes time to do things right, and after all, the whole idea is well, slow giving.

We can’t all do everything, but everyone can do something. If you want to try slow giving, you don’t have to attempt everything at once. Try out a little at a time, get accustomed to the idea and gradually it will become easier. I still have a lot of trouble with the “start early” part on this list. So, I tend to keep little notes on my phone every time someone I plan on giving a gift to at Christamas says, “oh that is something I would like to try/have/do” that I can pull up when needed. If we are promoting useful gifts, we have to think about who the gift is for. Sometimes what is most beneficial to a person is not mass produced store bought items but giving them our love and time through conscientious actions.