Kor stort er ditt årlege klesbudsjett? Og for heile familien? Nokre skjorter, ei bukse, ei ny jakke, litt undertøy og ein ny gensar. Vipps så fyk tusenlappane. Så, tenk deg at du går gjennom klesskapet ditt og lagar to haugar; éin for klede du brukar, og ein for dei du ikkje brukar. Eg er villig til å tru at mange vil ende opp med to ganske store haugar.