Kva er eigentleg Upscale sitt klesabonnement?

Kor stort er ditt årlege klesbudsjett? Og for heile familien? Nokre skjorter, ei bukse, ei ny jakke, litt undertøy og ein ny gensar, og vipps så fyk tusenlappane. Og no, tenk deg at du går gjennom klesskapet ditt og lagar to haugar; ein med klede du brukar, og ein med dei du ikkje brukar. Eg er villig til å tru at mange vil ende opp med to ganske store haugar.

Korleis verkar eit klesabonnement på Upscale?

Vi er mange med eit klesforbruk prega av høge kostnadar og overskot av klede. Eg har éi løysing – klesabonnement på Upscale!

Med ein abonnement som årleg kostar deg rundt 1500kr, eller ei kvart Norrønajakke, om du vil, kan du bli kvitt dårleg samvit på grunn av alle kleda som ligg i klesskapet utan å bli brukt, og samstundes kan du heile året gå til Upscale og plukke ut nye klede som du likar, og som passar deg.

Med eit klesabonnement byter du rett og slett klede med Upscale. Når du leverar inn klede, fyller vi din Upscalekonto med ein kreditt på like mange klede av same kvalitet som du leverte inn. Etterkvart som du tar ut igjen nye klede frå butikken, skriv vi dette av igjen på kontoen din. Altså – så lenge du finn klede av same kvalitet og i same prissjikt som du leverte inn, kan du ta med deg desse heim utan å betale. Dei fargekoda priskategoriane våre gjer det enkelt for deg å halde oversikt over kva du kan byte.

Med eit klesabonnement byter du rett og slett klede med Upscale

Kleda våre

Kleda vi samlar inn på Upscale er av svært ulike både i kvalitet og stand. Dette gjer at nokre av kleda kan gå rett ut i butikken selgast til deg. Andre klede treng litt kjærleik, bøting og fiksing før dei kjem ut og er klare for sal. Men mange av plagga vi får inn, kjem rett og slett aldri ut i butikken. I tillegg til å vere ein gjenbruksbutikk, handlar Upscale like mykje om redesign, saum, workshoppar og det å gjere nytt av gamalt. Mange innsamla klede møter derfor saksa i staden for kleshengaren. I løpet av det første året Upscale heldt ope, hadde vi over 60 vaksne og born innom workshoppane våre. Dermed blir den utslitne ullgensaren din til varme ullvottar, den holete joggebuksa blir til ein hettegensar for ei barneskulejente, og kjolen din frå år 2000 som verken du eller andre ønskjer å bruke igjen, blir til ei stilig skjorte for ein mote- og miljømedviten vidaregåandeelev.


Sjekk ut abonnementet her


Sirkulærøkonomien og klesabonnementet vårt har ei rekke fordelar – fordelar for DEG, for miljøet og for Upscale!

Korleis tener dette deg?

  • Du blir kvitt klede du ikkje brukar, og dermed får du meir plass i klesskapet.
  • Du for kontroll på kostnadane av klesforbruket ditt.
  • Du får redusert kostnadane av klesforbruket ditt.
  • Du kan byte ut heile garderoben din for om lag 1500 kroner i året. For ein heil familie er prisen under 3000kr.
  • Du slepp dårleg samvit for at du ikkje brukar mange av dine fullt brukbare klede.
  • Du kan bruke abonnementet ditt som at du låner klede, slik at du leverar dei tilbake og får tilbake ny kreditt på Upscalekontoen din.

Korleis tener dette miljøet?

  • Mindre forbruk! Kvart klesplagg får fleire brukarar, og dermed fleire bruksdagar.
  • Når du betalar fast for eit abonnement, er det stor sjans for at du brukar det. Og dermed har du allereie endra forbruksmønsteret ditt slik at du sjekkar brukt først, i staden for å gå direkte og kjøpe nytt.
  • Som klesabonnent er du med på å ta eit langt steg bort frå «fast fashion», som er den delen av klesindustrien som gjer produksjon av tekstilar til den andre verste forureinaren i verda. I staden støttar du opp om «slow fashion» som vil seie at kvart klesplagg blir brukt meir. Nordmenn er allereie utruleg flinke på å donere kleda vi ikkje brukar, men vi er framleis for dårlege på å kjøpe brukt.

Korleis tener dette Upscale?

  • Abonnentane våre gir Upscale ei solid, stabil og føreseieleg inntekt som gir oss ein økonomisk tryggleik.
  • Abonnentane var dei som gjorde at Upscale klarte å halde seg oppe gjennom dei verste månadane av Coronapandemien, då dag til dag-salet stupte til nærare 0.
  • Den økonomiske tryggleiken frå abonnementet, gir oss høve til å kunne fokusere på utvikling av nye kurs, redesignprodukt og generell forretningsutvikling.

Så kort oppsummert er eit klesabonnement med Upscale ein vinn-vinn-vinn-situasjon. Du vinn fordi du sparer pengar, Upscale vinn fordi vi tener pengar, og miljøet vinn fordi forbruket går ned.

One thought on “Kva er eigentleg Upscale sitt klesabonnement?

Leave a Reply

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.