Så du har lyst å leve meir miljøvenleg, men det er så vanskeleg å vite kva du skal velje å gjere. Kva tiltak er det eigentleg som nyttar? Og viss du vil gjere litt, men ikkje alt, kor startar du eigentleg?
For det første, eg likar at du allereie har tenkt tankane, og at du stiller deg spørsmåla. Det er steg nummer 1! Kanskje lar du allereie bilen stå av og til, til fordel for sykkelen eller ein spasertur, og kanskje tenkjer du på å slå av lys og spare litt straum. Du er på god veg! Det neste steget tenkjer eg er å sjå på kjøpevanane dine. Det er nemleg ikkje vi menneske som øydelegg miljøet og endrar klimaet – det er forbruket vårt. Moderasjon og reduksjon er vegen. La oss starte med kleda våre. Klesindustrien er jo tross alt den nest verste forureinaren i verda i dag.
Men korleis? Stoppe heilt å kjøpe klede? Det er jo i så fall heilt strålande om du gjer, men kanskje litt vel vanskeleg. Ok, greit, vi endrar null forbruk til medvite forbruk, og ser kva moglegheiter som opnar seg. Her er det utruleg mange måtar å gjere det på, men kluet er at ein heile tida er medviten om kva ein kjøper, og ikkje minst kvifor
Eg likar å setje tal på ting, så for meg passar det til dømes å seie: «5 nye plagg er det eg får kjøpe i år». Dei skal alle vere av merke som har ein klart uttalt miljøfilosofi, og vere produsert på ein måte som tar omsyn til miljø og rettane til arbeidarane. Då har eg konkrete rammer, og veit kva eg må halde meg til.

«Flest mogleg dagar bruk per plagg er bra for miljøet»
For andre kan det passe å ha målsetjing om berre å kjøpe brukte klede og byte med vener. Kanskje eit halvt år først, kanskje på ubestemt tid. Eit tredje alternativ kan vere å alltid sjekke om ein får tak i brukt før ein tar steget og kjøper nytt.
Kvalitet kan òg vere eit kriterie du bakar inn i forbruksmåla dine. Klede av god kvalitet varer lenger, og kan kanskje brukast av andre etter deg. Flest mogleg dagar bruk per plagg er bra for miljøet!
No har du kome langt! Du er medviten om forbruket ditt, du veit at klesindustrien er ein versting, og du har sett deg eit konkret mål for korleis du skal skaffe deg klede på ein miljøvenleg måte som passar deg. Men kva får vi ut av alt dette?
Jo vi endrar verda og samfunnet! Hæ? Jo, det er sant. Som forbrukarar har vi faktisk større makt enn vi ofte trur. Når vi no går rundt og spør på butikkane kva av merka dei fører som er miljøvenlege, tvingar vi butikkane til å finne ut dette for å kunne yte god service. Når mange nok kundar spør, kjem det merking av desse kleda i butikkane. Då blir det enklare for enda fleire å finne dei riktige kleda. Og når fleire finn og kjøper desse, vil butikkane dreie utvalet sitt mot nettopp denne typen klede som er produsert miljøvenleg og påverkar klimaet minimalt. Er det ikkje vakkert?
Skulle du møte butikkar der dei verken kan noko om klesmerka sin miljøprofil, og heller ikkje ønskjer å finne ut av det, så må du faktisk ordne opp sjølv. Ta ein for laget, bruk appen Good on You, og sjekk sjølv medan du er i butikken. Appen har oversikt over mange merker, og fortel deg lett og oversikteleg kva dei ulike klesprodusentane gjer både i høve miljøet og rettar for arbeidarane.
Sånn! No når du har ei liste over kva du vil, kunnskap om kva du kan gjere, og verktøy til å hjelpe deg på vegen, gå ut og ver ein medviten forbrukar som set krav til butikkar og klesprodusentar.
Ønskjer du å lese meir om klesabonnementet til Upscale, og korleis dette er ei vinn, vinn, vinn-løysing for deg, miljøet og Upscale, ta ein kikk på bloggposten Kva er eigentleg Upscale sitt klesabonnement?